Hjem
Utdanning
erasmus+

Friedrich-Schiller-Universität Jena og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByJena
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Studentar skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan dra på utveksling i 6. semester, men det er òg mogeleg å reise ut tidlegare i studieløpet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det engelskspråklege emnetilbodet er begrensa. Tyskkunnskapar tilsvarende nivå B1 etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse er naudsynt dersom du ønsker å studere på tysk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Freidrich-Schiller-Universität Jena er eit offentleg breiddeuniversitet med ti fakultet og rundt 22 000 studentar. Universitetet er kjent for å ha danna eit akademisk knutepunkt for den tyske romantikken og er stolt av den litterære arva si, blant anna av Friedrich Schiller. Universitetet sine bygningar ligg stort sett inne i sentrumskjernen. Det er tradisjon for at fri tilgang til det kollektive transportsystemet er inkludert i semesteravgifta.

Jena ligg i Thüringen, i det gamle Øst-Tyskland, om lag 2,5 timars køyretur unna Berlin. Jena var tidlegare kjend for optisk industri. I dag er universitetet blant dei viktigaste arbeidsgivarane her, og rundt ein fjerdedel av dei 110 000 innbyggarane er studentar.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Jena. Dei fleste ligg litt utanfor sentrum, men er lett tilgjengelege med kollektivtransport. Bustadane er i hovudsak drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Jena.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

By
Photo:
© Friedrich-Schiller-Universität Jena

Informasjon