Hjem
Utdanning
erasmus+

Friedrich-Schiller-Universität Jena og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByJena
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogeleg å reise på utveksling i 4.,5. eller 6. semester av bachelorprogrammet.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Det er mogeleg å reise ut i både vår- og haustsemesteret. Det er krav om at du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Språk

Universitetet anbefaler at internasjonale studentar har minimum nivå B2 i tysk etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse dersom dei ønsker å ta emne som har tysk som undervisingsspråk, og minimum nivå B2 i engelsk dersom dei ønsker å ta emne som har engelsk som undervisingsspråk. Meir informasjon om dette finn du her: http://www.uni-jena.de/en/how_to_apply.html

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller ein annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Freidrich-Schiller-Universität Jena er eit offentleg breiddeuniversitet med ti fakultet og rundt 22 000 studentar. Universitetet er kjent for å ha danna eit akademisk knutepunkt for den tyske romantikken og er stolt av den litterære arva si, blant anna av Friedrich Schiller. Universitetet sine bygningar ligg stort sett inne i sentrumskjernen. Det er tradisjon for at fri tilgang til det kollektive transportsystemet er inkludert i semesteravgifta.

Jena ligg i Thüringen, i det gamle Øst-Tyskland, om lag 2,5 timars køyretur unna Berlin. Jena var tidlegare kjend for optisk industri. I dag er universitetet blant dei viktigaste arbeidsgivarane her, og rundt ein fjerdedel av dei 110 000 innbyggarane er studentar.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Jena. Dei fleste ligg litt utanfor sentrum, men er lett tilgjengelege med kollektivtransport. Bustadane er i hovudsak drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Jena.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

By
Foto:
© Friedrich-Schiller-Universität Jena

Informasjon