Hjem

Utdanning

erasmus+

Leibniz Universität Hannover og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHannover
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor-, master- og ph.d-studentar. Studentar ved Matematisk institutt, lektorstudentar med matematikk som fag, og og IMØ-studentar som har valt statstikk som spesialisering blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise ut 4.,5. eller 6. semester.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan

gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Det er mogleg å reise ut både vår og haust.

Språk

nformasjon om språkkurs for internasjonale studentar finn du her: http://www.international.uni-hannover.de/sprachkurs.html?&L=1

Det fins fleire kurs på engelsk, men det er ein føremon med gode kunnskapar i tysk.

Kva emne kan eg ta

Oversikt over emne finn du her: http://www.international.uni-hannover.de/kurswahl.html?&L=1

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ut saman med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søkjer om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hannover, med sine godt over 500 000 innbyggarar, er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen. Det er om lag ein to timars kjøretur sør for Hamburg. Hannover har store grøne område med skog og store parkar. Byen er kanskje mest kjent for den store utstillinga World EXPO i 2000, men er og vert for fleire av dei største utstillingane i verda.

Universitetet blei grunnlagt i 1831 og har i dag om lag 25 000 studentar fordelt på ni fakultet. Hovudbygget ligg i Georgen, ein av dei mest populære utflukts- og sightseeing-destinasjonane i Hannover. Universitetet har om lag 4000 utvekslingsstudentar kvart år.

Bustad

Universitetet tilbyr møblerte bustader gjennom student-administrasjonen, og dei kan også hjelpe deg å finne ein privat bustad.

Semesterinndeling

Oktober ¿ mars og april - august

Informasjon