Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Stuttgart og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByStuttgart
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open både for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt blir prioriterte dersom det er fleire søkarar enn tilgjengelege plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogeleg å reise på utveksling i 4.,5. eller 6. semester.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan reise på utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Det er mogeleg å reise ut både vår- og haustsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i all hovudsak tysk. Det finst enkelte emne med engelsk som undervisningsspråk på masternivå.

Universitetet stiller krav om at utvekslingsstudentar som skal følge undervisning på tysk skal ha eit ferdigheitsnivå tilsvarande C1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse. Studentar som ikkje har dette nivået må fullføre eit intensivt tyskkurs. Meir informasjon om dette finn du her: http://www.ia.uni-stuttgart.de/internat/bewerber/program/Erasmus/application/index.en.html

Informasjon om språkkurs for internasjonale studentar finn du her: http://www.ia.uni-stuttgart.de/internat/bewerber/program/Erasmus/german_course/index.en.html

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Universitetet sin emnekatalog finn du her: http://www.uni-stuttgart.de/studieren/studium/vvz/

Alle emne, utanom nokre få emne på masternivå, har tysk som undervisningsspråk. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Stuttgart blei grunnlagt i 1829, og er eit teknisk universitet med rundt 25 000 studentar. Det har ti fakultet, men satsar i hovudsak på ingeniørfag og teknikk. På campusen i sentrum finst fakulteta for humanistiske fag, økonomi og arkitektur. Den største campusen er Vahingen, som ligg litt utanfor sentrum og husar tekniske og naturvitskapelege fag.

Stuttgart er den største byen i delstaten Baden-Württemberg. Han blei grunnlagd som ein oppsamlingsleir for stridshestar til det tyske kavaleriet under Keisar Otto den første sitt styre rundt 950. Byen har i dag om lag ein halv million innbyggarar. Stuttgart er kjend for vinproduksjon og for bilmerka Mercedes og Porsche. Prisnivået her er høgt samanlikna med andre byar i Tyskland.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for Erasmus-studentar så langt kapasiteten rekk. Det kan vere dyrt å leige bustad på den private marknaden i Stuttgart samanlikna med andre stader i Tyskland.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Studentrapportar

2015

Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk

Haust 2015 Master i anvend og utrekningsorientert matematikk

15.08.2015 - 31.12.2015

Førebuingar/praktiske tips

Stor fordel å ha et sted å bo før man drar fra Norge. Da vil ting stort sett ordne seg. Administrative ting kan være noe annerledes enn vi er vant til, så jo mer som er ordnet før avreise, jo mindre frustrasjon under oppholdet.

Undervisningsformer

Mye forelesningsbasert, men stort sett ganske tett kontakt med foreleser. Vesentlig lavere pc-kompetanse enn i Norge.

Vurdering av emnetilbodet

Mangfoldig og bra, men svært uoversiktelig for en som kommer utenfra og ikke kjenner systemet. Ikke lett å få veiledning.

Fagleg utbyte og språk

Stort! Anbefales også å ta forberedende språkkurs for alle som ikke snakker god tysk fra før. Har også ekstra sosiale fordeler.

Universitetsområdet og byen

Campus Vaihingen er noe steril, men ligger fint til og er svært godt forbundet med bykjernen via S-Bahn. Stuttgart er ingen romantisk universitetsby, men mer "funksjonell", og har alt man forventer.

Bustad

Fikk ikke studentforeningshybel p.g.a. en glipp. Dette var uheldig, da boligmarkedet i Stuttgart er alt annet enn enkelt.

Sosialt miljø

Godt, men en viss ulempe å bo langt fra resten av universitetsmiljøet.

Grøn campus
Photo:
© Universität Stuttgart

Informasjon