Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Peloponnese og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandHellas
  • ByTripoli
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogramma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Vi tilrår at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Gresk og engelsk undervisningsspråk (B2).

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet opna i 2002, og har fem avdelingar som ligg i prefekturhovudstadene Tripoli, Korint, Kalamáta, Nafplio og Sparta i Peloponnes. Sterke band til det greske samfunnet er viktig for universitetet, som har ambisjonar om vere eit samlingspunkt for samarbeid og intellektuell kreativitet for grekarar over heile verda.

Peloponnes er eit periferi som ligg på den store halvøya med same namn, sør i Hellas. Totalt bur det i dag om lag ein million menneske i Peloponnes. Den største byen er Trípolí som har rundt 600 000 innbyggarar. I gresk bronsealder var området dominert av Europa sin første sivilisasjon, egearane og i år 776 f.v.t. blei dei første olympiske leikane arrangert i Olympia, nordvest på øya.

Bustad

Universitetet tilbyr utvekslingsstudentar hotellrom i studiebyen, og har tradisjon for å dekke delar av leiga. Som utvekslingsstudent får ein òg gratis lunsj og middag heile veka.

Semesterinndeling

September -januar og februar-juni.

Informasjon