Hjem
Utdanning
bilateral

Universidad Autónoma Metropolitana og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap (BILATERAL)

  • LandMexico
  • ByNaucalpán de Juárez
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Det er krav om at søkarar må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eit semester eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar vil det normalt passe best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. For masterstudentar vil det normalt passe best å reise ut i andre semester av masterprogrammet. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråk ved universitetet er hovudsakleg spansk. Det er naudsynt med gode kunnskapar tilsvarande B2 (CEFR) i spansk for å studere ved UAM. Ein kan ta språkkurs før/under opphaldet. Studentar med A2 nivå i spansk eller betre kan følgje "Spanish Summer Course" for å auke sin språkkompetanse før undervisninga startar.

Kva emne kan eg ta

Avtalen gjeld samfunnsfag og humanistiske fag. Her finn ein blant anna fagområda «Public Administration», «Political Science», «Sociology», «Economics», «History», «Philosophy», «Social Anthropology» og «Arts and Digital Communication». På denne nettsida finn du meir informasjon og oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Normalt vil 4 emne på 8 «créditos» bli godkjende som tilsvarande 30 studiepoeng.

Studieavgift

Avtalen opnar for friplassar for inntil 5 studentar per år (10 semester). Ein skal være semesterregistrert og betale semesteravgift ved UiB når ein er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidad Autónoma Metropolitana (UAM) blei grunnlagt i 1974 og ligg i Mexico City. Universitetet har fem ulike campusar rundt om i byen og rundt 52 000 studentar. Avdelingane for samfunnsvitskaplege og humanistiske fag er lokalisert ved campusen Azcapotzalco, som ligg nord i byen.

Mexico City er hovudstaden og ligg i Valle de México på omlag 2200 meters høgd. Dette gjer klimaet her noko mildare enn i lågare strøk. Det er ein stor by med 9 millionar innbyggarar i bykjerna og 22 millionar i heile det urbane området.

Bustad

UAM vil freistar så langt som råd å tilby studentbustader. Om ikkje det er mogeleg å få til vil innreisande studentar få hjelp til å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - desember og januar - juni.

Grøn campus
Foto:
© Universidad Autónoma Metropolitana

Informasjon