Hjem

Utdanning

erasmus+

pôle Aliénor og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByPoitiers
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emne som erstattar hovudinstrument (25 studiepoeng) og utøvande støttedisiplin (5 studiepoeng) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Centre d'études supérieures musique et danse de Poitou-Charentes (CESMD) er eit statleg akademi for musikk og dans. Senteret gir utdanning både i praktiske og teoretiske rmnr, innanfor både klassiske og moderne disiplinar. Det samarbeider ein heil del med andre utdanningsinstitusjonar i regionen. Skulebygget ligg midt i Poitiers, ved katedralen Notre-Dame-la-Grande.

Poitou-Charentes er ein tradisjonsrik universitetsby i regionen Poitiers, vest i det franske innlandet. Han har om lag 90 000 innbyggarar, og rundt ein fjerdedel av desse er studentar. Byen har kallenamn som «Den gylne byen» og «Byen med hundre kyrkjer» fordi geistlege praktbygg står tett i tett i bykjernen. Det sekulære kulturtilbodet inkluderer blant anna ein gateteaterfestival, kortfilmfestival og ei mengd studentfestivalar.

Bustad

Senteret samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2017

Haust 2016 - Vår 2017 BAHF Utøvande musikk og komposisjon

Haust 2016 - Vår 2017 BAHF Utøvande musikk og komposisjon

15.08.2016 - 15.06.2017

Førebuingar/praktiske tips

Det viktigaste rådet eg kan gi på førehand er å lære seg språket der ein skal studere. Det blir då mykje lettare å kome inn i korleis ting fungerer på skulen og du tilpassa deg mykje betre dei andre medstudentane dine.

Det er også viktig å ha alle papir i orden før du reiser. Alt av Erasmus-avtale, learning agreement osv er viktig å ha i orden.

Ver også tidleg ute med å leite etter bustad. Ta kontakt med skulen og høyr om dei har tips til dette.

Undervisningsformer

Undervisnigsformer vil nok variere frå skule til skule. Eg har vore i Frankrike og der er det ganske likt som Norge. Forskjellen låg i at det er mange fleire fag her enn heime, men det varierer kor mange veker ein har kvart fag. Eg har hatt mest praktiske fag, så det meste av undervisninga skjedde ein til ein.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbodet på skulen eg gjekk på, var veldig bra. Skulen er spesialisert på mellom anna klassisk saksofon og derfor var det ei stor klasse og to fantastiske lærarar.

Dei andre emna eg tok var også svært interessante og innhaldsrike. Eg må seie at det var ingen av faga som eg ikkje får noko igjen for. Alle faga var verkeleg relevant for mi utdanning.

Fagleg utbyte og språk

Utvekslingsopphaldet har ført til at eg har utvikla meg mykje som musikar og saksofonist. Det å oppleve andre si tilnærming til det eg driv med, var svært interessent. Det var mange forskjellar og sikkert noko eg ikkje kjem til å bruke, men også mykje som kan vere nyttig til seinare tid.

Eg kunne nesten ingenting fransk når eg kom ned. Det var vanskelig å forstå alt som skjedde i starten, men det gjekk betre etter kvart. Når ein blir tvinga til å snakke det språket, går det fort å lære seg.

Universitetsområdet og byen

Byen Poitiers er ikkje veldig stor. Men over halvparten av innbyggarane er studentar, så studentlivet er ingenting å klage på. Alltid masse som skjedde, og alltid nokon å vere med.

Vi var litt adskilt i forholdt til resten av universitetsområdet, fordi det er ikkje ein del av universitetet, men det var likevel ikkje problem å ha kontakt med andre studentar.

Bustad

Eg fann ein bustad gjennom ein kompis som var på utveksling i Norge året før, så det var dermed lett for meg å finne. Eg budde åleine i ei studioleiligheit og det var heilt perfekt. Ein treng ein del tid for seg sjølv når ein er utvekslingsstudent, så det anbefalar eg til andre også.

Sosialt miljø

Som sagt, det sosiale miljøet var veldig bra ettersom det var mykje studentar. Alltid noko å finne på!

Informasjon