Hjem
Utdanning
erasmus+

Université d'Avignon et des Pays de Vaucluse og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAvignon
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er fransk, og ein må derfor ha gode franskkunnskapar. Vertsuniversitetet tilrår at Erasmus-studentar har forkunnskapar i fransk tilsvarande minst B1-nivå (helst B2) på etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse, men krev ikkje dokumentasjon på språkkunnskapane.

Informasjon om fransk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student.

Erasmus-studentar kan velje blant emne på bachelornivå og nokre fag på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université d'Avignon er eit offentleg breiddeuniversitet med forsking og utdanning innan fire overordna emneområde: Humaniora og samfunnsvitskap, språk og litteratur, teknologi og naturvitskap og Juss, leiing og økonomi. Desse fire områda er igjen delt inn i 14 faglege avdelingar. Universitetet har 8000 studentar.

Avignon ligg søraust i Frankrike, ved breidda av elva Rhône, 80 kilometer frå middelhavskysten og midt mellom Alpane og Pyreneane. Storbyområdet har om lag 300 000 innbyggarar, men berre ein tredjedel bur i sentrumsområdet. Avignon er kjend for den internasjonale teaterfestivalen som kvart år i juli trekk tusenvis av besøkande til byen.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader på campus og i sentrumsområdet der internasjonale studentar kan søke om bustad. Dei samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon