Hjem

Utdanning

erasmus+

Université d'Avignon et des Pays de Vaucluse og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAvignon
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

BA/MA

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

BA

Avtalen gjeld for studentar på bachelorprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogramma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

MA

Avtalen gjeld for studentar på masterprogrammet i litteraturvitskap.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på masterprogrammet i litteraturvitskap ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Vi rår til at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université d'Avignon er eit offentleg breiddeuniversitet med forsking og utdanning innan fire overordna emneområde: Humaniora og samfunnsvitskap, språk og litteratur, teknologi og naturvitskap og Juss, leiing og økonomi. Desse fire områda er igjen delt inn i 14 faglege avdelingar. Universitetet har 8000 studentar.

Avignon ligg søraust i Frankrike, ved breidda av elva Rhône, 80 kilometer frå middelhavskysten og midt mellom Alpane og Pyreneane. Storbyområdet har om lag 300 000 innbyggarar, men berre ein tredjedel bur i sentrumsområdet. Avignon er kjend for den internasjonale teaterfestivalen som kvart år i juli trekk tusenvis av besøkande til byen.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader på campus og i sentrumsområdet der internasjonale studentar kan søke om bustad. Dei samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon