Hjem
Utdanning
erasmus+

Sofia University "St. Kliment Ohridski" og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandBulgaria
  • BySofia
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke på avtalen.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at studentane tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.  

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

'St. Kliment Ohridski' University of Sofia blei grunnlagt i 1888, og er det eldste og største universitetet i Bulgaria. Det har rundt 21 000 studentar, 16 fakultet og eit breitt fagtilbod. Universitetet sine bygningar er fordelte på sju ulike campusar i byen.

Sofia er hovudstad i Bulgaria, og den klart største byen i landet, med rundt 1,3 millionar innbyggarar. Byen ligg vest i landet, ved foten av fjellet Vitosja i Sofiadalen. Han er det administrative, økonomiske og kulturelle sentrum i regionen.

Bustad

Universitetet tilbyr studentbustader for Erasmusstudentar i nærleiken av campus. Det er i hovudsak møblerte rom på studentheimar, der to eller fleire bur saman. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Sofia.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juli.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Sofia University

Informasjon