Hjem
Studentsider
erasmus+

Universidade dos Açores og Institutt for biovitenskap (BIO) (ERASMUS+)

  • LandPortugal
  • ByPonta Delgada
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor- og masterstudentar ved Institutt for biovitenskap. Du må ha bestått minst 60 studiepoeng før du søker på utveksling. Denne avtalen er spesielt anbefalt for studentar på bachelorprogrammet i biologi.

Når i studiet kan eg reise

Vi anbefaler at du tar valemne på utveksling, og at du dermed drar på utveksling når du har valfrie emne i studieløpet ditt.

Språk

Undervisningsspråket er portugisisk, men universitetet tilbyr eit "tutorial system" på engelsk til utvekslingsstudentane. Sjølv om undervisinga er på portugisisk, kan du levere inn oppgåver/essays, avlegge skriftlege og munnlege eksamenar, samt presentasjonar, på engelsk. I dei fleste emna vil lista over anbefalt litteratur innehelde eit tilstrekkeleg tal artiklar/bøker på engelsk.

For å kunne kommunisere og følgje undervisinga på ein god måte er det derfor viktig at du har følgjande språknivå før du kjem:

portugisisk nivå B1 eller
engelsk nivå B1

Dersom du skal på utveksling, vil du få tilgang til eit gratis nettkurs i portugisisk via Online Linguistic Support (OLS) sin plattform.

Universitetet tilbyr også portugisisk språkkurs gjennom semesteret, Portuguese as a Foreign Language (PLE) (6 ECTS). Dersom du vil ta dette kurset må du velge det i søknadsskjemaet du sender til vertsuniversitetet ut etter at du er blitt nominert til utveksling av UiB. Kurset startar den første undervisningsveka kvart semester, og universitetet anbefaler sterkt alle utvekslingsstudentar å ta dette kurset.

Kva emne kan eg ta

Vi anbefaler at du tar valemne på utveksling, då det kan vere utfordrande å finne emne som kan erstatte obligatoriske emne i graden din.

Du kan velje mellom emne innanfor biologi, biokjemi, miljøvitskap, økologi og oseanografi.

Du finn emne i emnekatalogen ved å velje fakultet, studieprogram og så får du oversikt over emne som høyrer til studieprogrammet. Aktuelle fakultet er School of Sciences and Technology og School of Agrarian and Environmental Sciences.

Dersom du blir tatt opp til utveksling får du ein Erasmuskoordinator ved vertsuniversitetet som kan svare på spørsmål om dei ulike emna.

Nyttige sider:

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universidade dos Açores (UAç) var grunnlagt i 1976, to år etter at øygruppa fekk status som sjølvstyreområde, og er hittil det einaste offentlege universitetet på Azorene. Med rundt 6000 studentar fordelte på tre campus på São Miguel, Terceira og Faial, er universitetet lite rekna etter internasjonal målestokk. Dette til tross er breidda i fagtilbodet god, med i alt tretten ulike senter og forskningsgrupper.

Bustad

Sosialtjenesta ved UAç gir ingen bustadgaranti, men dei har ei ordning for innlosjering av studentar ved sine campus som også internasjonale studentar også kan søke på.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

Fleire bygg
Foto/ill.:
© Universidade dos Açores

Informasjon