Hjem
Utdanning
erasmus+

Hochschule Vechta og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByVechta
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på masterprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte spesifikke emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Universitetet tilbyr ein mastergrad i geografi med fokus på rurale område, endring og globalisering. Instituttet fokuserer på økonomiske og sosiale aspekt ved rural utvikling som økonomisk geografi, globalisering, gender og governance.

Emne som blir undervist:

  • Regional Management and Regional Marketing
  • International Perspectives
  • Environment and Region

Studentar som reiser ut gjennom denne avtalen kan ta emne frå heile universitetet, inkludert tysk som framandspråk.

Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Vechta var i utgangspunktet grunnlagt som høgskule, men etter fleire omstillingar fekk det namnet Universität Vechta i 2012. Det er eit av Tysklands minste, med berre knapt 4000 studentar. Universitetet har historisk hatt eit fokus på lærarutdanningar og katolsk teologi, men har no etablert studium innan fleire fagfelt, som blant anna gerontologi og miljøvitskap.

Vechta er ein landsby med 32 000 innbyggarar som ligg i nærleiken av dei større byane Oldenburg og Osnabrück i delstaten Niedersachsen. Provinsbyen har eit godt sosialt miljø, og ei god geografisk plassering for den som er glad i friluftsliv.

Bustad

Det finst studentheimar i nærleiken av campus. Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å kome seg til rette.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon