Hjem

Utdanning

erasmus+

Hochschule Vechta og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByVechta
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på bachelorprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar som går på bachelorprogrammet i filosofi ved FOF vil bli prioritert om det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i filosofi: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for studieprogrammet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Meir informasjon finn du på denne nettsida:http://www.uni-vechta.de/en/international/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Vechta var i utgangspunktet grunnlagt som høgskule, men etter fleire omstillingar fekk det namnet Universität Vechta i 2012. Det er eit av Tysklands minste, med berre knapt 4000 studentar. Universitetet har historisk hatt eit fokus på lærarutdanningar og katolsk teologi, men har no etablert studium innan fleire fagfelt, som blant anna gerontologi og miljøvitskap.

Vechta er ein landsby med 32 000 innbyggarar som ligg i nærleiken av dei større byane Oldenburg og Osnabrück i delstaten Niedersachsen. Provinsbyen har eit godt sosialt miljø, og ei god geografisk plassering for den som er glad i friluftsliv.

Bustad

Det finst studentheimar i nærleiken av campus. Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper utvekslingsstudentar med å kome seg til rette.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon