Hjem
Utdanning
erasmus+

Trinity Laban Conservatoire of Music and Dance og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByLondon
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Sjå lærestaden sine heimesider for meir informasjon.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Trinity Laban Conservatoire of Music and Dance blei til i 2005 etter samanslåinga av to institusjonar, deriblant Trinity College of Music, som blei grunnlagd i 1872 for å forbetre kyrkjemusikken. Det er det første konservatoriet for musikk og moderne dans i Storbritannia. Studentane, om lag 1000 i talet, er fordelte på to campusar søraust i London, nærare bestemt i områda Greenwich og Deptford.

London er hovudstaden i Storbritannia, og har over åtte millionar innbyggarar. Byen er ein av dei best besøkte i verda, og har mykje å by på, både museum, parkar, musikalar, flott arkitektur, det eldste undergrunnsbanenettverket i verda, musikk, sport, shopping og kulinariske opplevingar frå alle verdshjørne.

Bustad

Konservatoriet tilbyr ikkje eigne bustader, men samarbeider med ein privat aktør. Det kan òg hjelpe utvekslingsstudentar med å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juli.

Informasjon