Hjem

Utdanning

erasmus+

Université de Limoges og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByLimoges
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn plassar. Det er krav om at søkarar må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan reise på utveksling i 6. semester, men det er òg mogeleg å legge utvekslingsopphaldet tidlegare i studieløpet.

Språk

Det er naudsynt med gode kunnskapar i fransk ettersom undervisninga foregår på fransk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Limogenes er eit mellomstort breiddeuniversitet med rundt 14 000 studentar. Universitetet har ti fakultetseiningar med ulik grad av sjølvstende som driv med forsking og undervising innan alle dei klassiske universitetsdisiplinane, i tillegg til ein nasjonal skule for industriell keramikk. Utover hovudcampusen i Limogenes, har universitetet òg mindre campusar i åtte andre byar.

Limogenes er den regionale hovudstaden i regionen Limousin i Frankrike, med 200 000 innbyggarar. Her finst rike moglegheiter både for urbane fritidssyslar og naturopplevingar. I byen og området rundt finst 692 hektar med grøntareal og friluftsområde.

Bustad

Universitetet sitt internasjonale kontor samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Folk på campus
Foto:
© Université de Limoges

Informasjon