Hjem
Studentsider
nordplus

Linköpings universitet og Det medisinske fakultet (NORDPLUS - Medicin i Norden)

  • LandSverige
  • ByLinköping
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Når i studiet kan eg reise

Det er avhengig av kva for eit semester du ønsker å utveksle i, og av at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet samsvarar nokolunde med emnekombinasjonen du elles skulle ha tatt ved UiB i utvekslingssemesteret. Du må ha tatt 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Linköpings universitet blei grunnlagt i 1975, og har i dag 27 500 studentar. Universitetet er delt i fire: Hälsouniversitetet , Filosofifakulteten, Linköpings tekniska högskola og avdeling for Utbildningsvetenskap. Ein stor del av fagtilbodet er profesjonsutdanningar. Det har fire campusar. Campus Valla er størst, og ligg tre kilometer unna Linköping, dernest følgjer campusen i nabobyen Norrköping. Universitetssjukehuset ligg i Linköping sentrum og Campus Carl Malmsten Furniture Studies på Lidingö, utanfor Stockholm.

Linköping har om lag 150 000 innbyggarar, og ligg i det svenske innlandet, midt mellom Austersjøen og innsjøen Vättern. Byen er blant anna kjend for å ha mange høgteknologibedrifter. Kommunen er òg aktiv når det kjem til miljøpolitikk, og tek sikte på å bli ein klimanøytral kommune innan 2025.

Bustad

Det finst studentbustader både ved campusen i Linköping og campusen i Norrköping. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i begge byane.

Semesterinndeling

August - januar og januar - juni.

Informasjon