Jazeps Vitols Latvian Academy of Music og Griegakademiet - Institutt for musikk (NORDPLUS - Sibelius)
- LandLatvia
- ByRiga
- AvtaletypeNordplus
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
AVT_HVA: Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Det tidlegare konservatoriet i Riga blei stifta i 1919 av den latviske komponisten J¿zeps V¿tols, og bygde på tradisjonane frå konservatoriet i St. Petersburg, kor V¿tols hadde undervist i 30 år. Formålet var å utvikle det latvisk musikk og kultur. V¿tols inviterte anerkjende musikarar til å kome og undervise i ulike nasjonale musikkulturar, blant anna latvisk, russisk og tysk. Slik unngjekk den nye latviske nasjonale kulturen å bli provinsiell, og integrerte seg i staden med den europeiske. Akademiet vektlegg vitskapeleg forsking og kunstnarisk kreativitet.
Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.
Bustad
Viss ein ynskjer studentbustad, må ein reservere i god tid. Det finst òg fleire firma som driv med privat utleige og det er gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarknaden.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.jvlma.lv/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb5423
- FagnavnMusikk