University of Lapland og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)
- LandFinland
- ByRovaniemi
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket.
Nordlys-nettverket opnar generelt for utveksling både på bachelor- og masternivået, men for enkelte universitet kan det vere avgrensingar. Dersom du ønskjer å ta emne på masternivået må du sjølv sjekke at det finst masterprogram på dette universitetet som er relevante for deg.
Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.
Når i studiet kan eg reise
Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.
Språk
Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Finske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.
Kva emne kan eg ta
Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.
Studieavgift
Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Lapland ble grunnlagt i 1979 og ligg i Rovaniemi. Det har fire fakultet innan pedagogikk, juss, kunst/design og samfunnsvitskap, og har mellom anna eit strategisk fokus på endringar i arktis, bærekraftig turisme, bærekraftig utvikling i eit juridisk perspektiv og velferdssystem i nord. Universitetet har om lag 4 500 studentar.
Rovaniemi er hovudstaden i Lappland, det nordlegaste landskapet i Finland. Byen ligg om lag 6 kilometer sør for polarsirkelen, og har berre 62 000 innbyggarar, men saman med omlandet er den i areal rekna som den største byen i EU.
Bustad
University of Lapland gjev deg råd og tips til å finne bustad på sine nettsider.
Semesterinndeling
August - desember og januar til mai.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.ulapland.fi/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnAlle fag