Hjem
Utdanning
erasmus+

Háskólinn á Akureyri og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-Erasmus)

  • LandIsland
  • ByAkureyri
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.

Når i studiet kan eg reise

Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.

Språk

Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Islandske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.

Studieavgift

Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling. På denne avtalen vil studentar få erasmusstipend, men må då også oppfylle alle dei krav som blir stilt til andre erasmusstudentar (online learning agreement, EU-Survey m.m.)

Informasjon