Hjem
Utdanning
erasmus+

Aalborg Universitet og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)

  • LandDanmark
  • ByAalborg
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. UiB kan sende to studentar per semester gjennom nettverket. Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.

Når i studiet kan eg reise

Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.

Språk

Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på.

Kva emne kan eg ta

Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.

Studieavgift

Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Aalborg Universitet blei grunnlagt i 1974. Det har litt i overkant av 22 000 studentar og fire fakultet. Statens Byggforskingsinstitutt er òg ein del av universitetet. Universitetet følger ein eigenutvikla modell for problembasert læring (PBL). Det har campusar i København og Esbjerg i tillegg til hovudcampusen i Ålborg.

Ålborg ligg ved Limfjorden i Nordjylland, rett sør for Nørresundby og 120 kilometer nord for Århus. Byen litt over 100 000 innbyggarar, og var lenge ein viktig industriby for området, med spiritus, sigarar og skip som dei viktigaste eksportprodukta. I dag er industrien mindre framtredande. Til gjengjeld satsar byen no stort på teknologi, forsking og utdanning.

Bustad

Universitetet sine bustadkontor hjelper internasjonale studentar med å finne bustad i Aalborg og Esbjerg. På campusen i København er kapasiteten dårlegare. Dei fleste som studerer der finn bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon