Hjem
Studentsider
erasmus+

Karlstads universitet og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)

  • LandSverige
  • ByKarlstad
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.

Når i studiet kan eg reise

Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.

Språk

Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Finske og islandske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.

Studieavgift

Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Karlstads universitet vart etablert i 1999 då den tidlegare Högskolan i Karlstad fekk universitetsstatus. Universitetet har om lag 10 000 studentar. På omlag 20 minutt syklar ein frå sentrum av Karlstad og ut til universitetcampusen som ligg litt utanfor byen.

Karlstad har nær 100 00 innbyggarar, og kvar tiande av dei er student. Dette set sitt preg på byen, og gjer Karlstad til ein verkeleg studentby. Karlstad ligg nær grensa til Norge, om lag 25 mil frå både Oslo, Göteborkg og Stockholm. Karlstad har ei koseleg og livleg sentrumskjerne med butikkar, galleri, shopping, restaurantar, kafear og pubar. Svenske studentar seier at Karlstad er ein av Sveriges "mysigaste" (koselegaste) studentbyar.

Bustad

Karlstads universitet tilbyr studentbustad til utvekslingsstudentar. Romma er møblerte og har eige bad, medan ein deler kjøkken med fleire andre.

Semesterinndeling

August til januar og januar til juni.

Informasjon