Luleå tekniska universitet og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)
- LandSverige
- ByLuleå
- Studieplassar4
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. D
Nordlys-nettverket opnar generelt for utveksling både på bachelor- og masternivået, men for enkelte universitet kan det vere avgrensingar. Dersom du ønskjer å ta emne på masternivået må du sjølv sjekke at det finst masterprogram på dette universitetet som er relevante for deg.
Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.
Når i studiet kan eg reise
Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.
Språk
Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Finske og islandske universitet vil i tillegg ha eit eige avgrensa tilbod om emner på engelsk.
Kva emne kan eg ta
Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.
Studieavgift
Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Musikkskulen i Piteå blei etablert i 1978 som ein del av Luleå Tekniske Universitet. I same bygg som Musikkskulen ligg også Sveriges leiande utdanning innan audioteknikk, og Studio Acusticum som er eit av Nord-Europas mest moderne konserthus.
Piteå er ein by i Norrbotten i Sverige, den ligg 900 km nord for Stocklholm og 100 km sør for polarsirkelen. Piteå har ca 42.000 innbyggarar. Byen er ein industriby med gammal trehusbyggelse i bykjerna. Piteå fekk bystatus i 1621.
Bustad
Lærestaden kan bistå med å finne bustad.
Semesterinndeling
august - desember
januar - juni
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.ltu.se/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb5292
- FagnavnAlle fag