Hjem
Studentsider
erasmus+

Grønlands universitet Ilisimatusarfik og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - NORDLYS-nettverket)

  • LandGrønland
  • ByNuussuaq
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Nordlysnettverket er eit tverrfagleg nettverk der alle dei store universiteta i Norden deltar. Hensikten med nettverket er å tielrettelegge for utveksling i Norden også i dei tilfella der det ikkje finst eit eige fagleg Nordplus-nettverk som studenten kan reise gjennom. I utgangspunktet kan alle UiB-studentar søke på utveksling gjennom Nordlys-nettverket. UiB kan sende to studentar per semester gjennom nettverket.

Nordlys-nettverket opnar generelt for utveksling både på bachelor- og masternivået, men for enkelte universitet kan det vere avgrensingar. Dersom du ønskjer å ta emne på masternivået må du sjølv sjekke at det finst masterprogram på dette universitetet som er relevante for deg.

Dersom du reiser ut gjennom Nordlysnettverket vil du få erasmusstipend og du må ha Learning Agreement.

Når i studiet kan eg reise

Det er i utgangspunktet inga avgrensing på når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling gjennom Nordlys-nettverket, og det er opna for utveksling både på bachelor- og på masternivå. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om dette.

Språk

Undervisningsspråket er i utgangspunktet det nasjonale eller regionale språket universitetets eigne studentar får undervining på. Sjå heimesidene til universitetet for meir informasjon om språk.

Kva emne kan eg ta

Ein kan i utgangspunktet studere alle fag, men det kan vere avgrensingar. Dette gjeld spesielt fag som har eigne nordplus-nettverk, for eksempel medisin, juss og statsvitskap.

Studieavgift

Det er ingen studieavgifter i Nordlys-nettverket, men studentane må registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.

Informasjon