Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Jyväskylä og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+ - Nordplusnettverk i Statsvitenskap)

  • LandFinland
  • ByJyväskylä
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsteori og Institutt for samanliknande politikk kan søke. Søkar må ha tatt 120 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Utreise i siste studieår på bachelor eller andre semester av mastergraden. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Det vil vere eit avgrensa emnetilbod på engelsk - sjå heimesidene til universitetet.

Kva emne kan eg ta

I utgangspunktet skal ein studere statsvitskap, men det kan og vere mogleg å ta andre emne under opphaldet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet ligg i sentralt i Finland, med hovudcampus i sentrum av Jyväskylä, 270 kilometer nord for Helsinki. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 15 000 studentar, som særskilt satsar på naturvitskap og humaniora. Universitetet har røter tilbake til den første finskspråklege lærarskulen, som blei stifta i 1863. Det har eit relativt stort fagtilbod på engelsk.

Jyväskylä blei grunnlagd i 1837 av tsar Nikolaj I. I dag har byen om lag 130 000 innbyggarar og det ligg heile 328 innsjøar innom kommunegrensa. Området er kjent for rike arkeologiske funn frå steinalderen, og for å vere den byen i verda som har flest bygningar teikna av den verdskjende finske funkisarkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä er vertsby for Rally Finland, som kvart år samlar ein halv million publikummarar.

Bustad

Universitetet samarbeider med fleire lokale studentvelferdsorganisasjonar om å tilby bustader for internasjonale studentar. Søknadsprosessen foregår via internett. Det er viktig å søke innan fristen og kapasiteten kan vere knapp. Det kan vere stort press på den private marknaden, særskilt ved byrjinga av haustsemesteret.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon