Hjem
Utdanning
nordplus

University of Jyväskylä og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (NORDPLUS - Nordliks-nettverket)

  • LandFinland
  • ByJyväskylä
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i nordisk/norrøn filologi og andre studentar som ønsker å ta emne i nordisk når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i nordisk/norrøn filologi blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor spesialiseringsemne: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Master: andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Det vil vere eit avgrensa emnetilbod på engelsk - sjå heimesidene til universitetet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivået. Hugs på at dersom du skal ta 200-nivået på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentane betalar inga studieavgift til vertsuniversiteta.

Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet ligg i sentralt i Finland, med hovudcampus i sentrum av Jyväskylä, 270 kilometer nord for Helsinki. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 15 000 studentar, som særskilt satsar på naturvitskap og humaniora. Universitetet har røter tilbake til den første finskspråklege lærarskulen, som blei stifta i 1863. Det har eit relativt stort fagtilbod på engelsk.

Jyväskylä blei grunnlagd i 1837 av tsar Nikolaj I. I dag har byen om lag 130 000 innbyggarar og det ligg heile 328 innsjøar innom kommunegrensa. Området er kjent for rike arkeologiske funn frå steinalderen, og for å vere den byen i verda som har flest bygningar teikna av den verdskjende finske funkisarkitekten Alvar Aalto. Jyväskylä er vertsby for Rally Finland, som kvart år samlar ein halv million publikummarar.

Bustad

Universitetet samarbeider med fleire lokale studentvelferdsorganisasjonar om å tilby bustader for internasjonale studentar. Søknadsprosessen foregår via internett. Det er viktig å søke innan fristen og kapasiteten kan vere knapp. Det kan vere stort press på den private marknaden, særskilt ved byrjinga av haustsemesteret.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon