Hjem
Utdanning
nordplus

University of Turku og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (NORDPLUS - Nettverk i filosofi)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke på avtalen.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioritert om det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden.

Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Turku Finlands nest største med om lag 20 000 studentar. Det ligg i byen Turku, kalla Åbo på svensk, ute ved kysten sørvest i Finland. Det har òg mindre campusar i byane Raumo, Björneborg og Salo. Universitetet blei oppretta i 1920, då finske intellektuelle ønskte seg eit reint finskspråkleg universitet. Over 22 000 personar bidrog til innsamlingsarbeidet som gjorde det mogleg å starte opp landets første finske universitet. Universitetet har eit breitt fagtilbod og har elles blant anna vore involvert i mange forskingsprosjekt i peruansk Amazonas.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er imidlertid gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon