Hjem
Utdanning
nordplus

Aalborg Universitet og Institutt for økonomi (NORDPLUS - NOREK NORDPLUSNETTVERK I ØKONOMI)

  • LandDanmark
  • ByAalborg
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for økonomi kan søkje

Når i studiet kan eg reise

Utreise i fjerde eller femte semester på bachelorgraden eller andre semester på mastergraden. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Skandinaviske språk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

I utgangspunktet skal du studere økonomi, men det kan og vere mogleg å ta andre emne under opphaldet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Aalborg Universitet blei grunnlagt i 1974. Det har litt i overkant av 22 000 studentar og fire fakultet. Statens Byggforskingsinstitutt er òg ein del av universitetet. Universitetet følger ein eigenutvikla modell for problembasert læring (PBL). Det har campusar i København og Esbjerg i tillegg til hovudcampusen i Ålborg.

Ålborg ligg ved Limfjorden i Nordjylland, rett sør for Nørresundby og 120 kilometer nord for Århus. Byen litt over 100 000 innbyggarar, og var lenge ein viktig industriby for området, med spiritus, sigarar og skip som dei viktigaste eksportprodukta. I dag er industrien mindre framtredande. Til gjengjeld satsar byen no stort på teknologi, forsking og utdanning.

Bustad

Universitetet sine bustadkontor hjelper internasjonale studentar med å finne bustad i Aalborg og Esbjerg. På campusen i København er kapasiteten dårlegare. Dei fleste som studerer der finn bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon