Hjem
Utdanning
nordplus

Hanken School of Economics og Institutt for økonomi (NORDPLUS - NOREK Nordplusnettverk i økonomi)

  • LandFinland
  • ByHelsinki
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeNordplus

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for økonomi kan søkje.

Når i studiet kan eg reise

Utreise i fjerde semester vår på bachelorgraden eller andre semester vår på mastergraden. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Skandinaviske språk og engelsk

Kva emne kan eg ta

I utgangspunktet skal du studere økonomi og businessrelaterte emne.
Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hanken er ein av dei eldste handelshøgskulane i dei nordiske landa og blei grunnlagt i 1909. Høgskulen har vel 2300 studentar på alle nivå fordelt mellom to byar i Finland, hovudstaden Helsinki og Vaasaby på vestkysten. Skulen fokuserer på økonomi og businessfag som finans, management, organisering og marknadsføring.

Bustad

Det finst ei eiga stifting for studentbustader i Helsinki-regionen som formidlar bustader av god kvalitet og til ein rimeleg pris i vårsemesteret. I haustsemesteret er det stort press på bustadmarknaden, og ikkje lett å skaffe bustad i det heile.

Semesterinndeling

Haust: september til slutten av desember. Vår: slutten av januar til slutten av mai.

Informasjon