Hjem
Utdanning
nordplus

Haskolinn i Reykjavik og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss)

  • LandIsland
  • ByReykjavik
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på islandsk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Reykjaviks universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon