Hjem
Utdanning
nordplus

University of Tartu og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss)

  • LandEstland
  • ByTartu
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på estisk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Tartus universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Tartu blei grunnlagt av Kong Gustavus Adophus i 1632, medan Estland stadig var ein del av Sverige. Då Estland blei sjølvstendig i 1918, blei University of Tartu det første til å gi undervising på estisk året etter. I dag finst det òg eit relativt stort engelskspråkleg fagtilbod. Med 18 000 studentar er dette ikkje berre den eldste, men òg den største institusjonen for høgare utdanning i landet. Universitetet har ein 200 år gamal botanisk hage, fleire idrettsanlegg og driftar fire museum.

Med om lag 105 000 innbyggarar, er Tartu den nest største byen i Estland. Han ligg Studentane set eit tydeleg preg på byen. Det blir blant anna arrangert studentfestivalar både om våren og hausten, og to gongar i året går studentane i tog gjennom byen med lykter og faner.

Bustad

Universitetet samarbeider med samskipnaden Tartu Student Village om å tilby bustadar for internasjonale studentar. Det er stort sett snakk om delte rom, for to eller felire studentar. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Tartu.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Informasjon