Hjem
Utdanning
nordplus

Riga Graduate School of Law og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss)

  • LandLatvia
  • ByRiga
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på latvisk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Riga Graduate School of Law finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Riga Graduate School of Law (RGSL) er ein privat utdanningsinstitusjon, grunnlagt i 1998, som eit samarbeid mellom latviske og svenske myndigheiter og Soros Foundation i Latvia. RGSL tilbyr forskingsbasert utdanning på høgt nivå, der ein kan forvente å få undervisning både av lokale krefter, men også i nokre tilfelle av besøkande professorar og førelesarar frå Europa og USA. Campusen ligg i bydelen Alberta iela i Riga, og det noverande hovudbygget vart opna av kronprinsesse Victoria av Sverige og Latvias president i 2001.

Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.

Bustad

RGSL vil sende forslag om bustad til studentar som får opptak.

Semesterinndeling

For Interdisciplinary undergraduate:

Haustsemester: byrjinga av september til slutten av januar
Vårsemester: slutten av januar til slutten av mai

Informasjon