Hjem
Utdanning
nordplus

Aalborg Universitet og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss)

  • LandDanmark
  • ByAalborg
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

For utveksling til Danmark kan norske studentar vanlegvis velge blant emna som blir underviste på dansk, i tillegg til emna som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Aalborgs universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Aalborg Universitet blei grunnlagt i 1974. Det har litt i overkant av 22 000 studentar og fire fakultet. Statens Byggforskingsinstitutt er òg ein del av universitetet. Universitetet følger ein eigenutvikla modell for problembasert læring (PBL). Det har campusar i København og Esbjerg i tillegg til hovudcampusen i Ålborg.

Ålborg ligg ved Limfjorden i Nordjylland, rett sør for Nørresundby og 120 kilometer nord for Århus. Byen litt over 100 000 innbyggarar, og var lenge ein viktig industriby for området, med spiritus, sigarar og skip som dei viktigaste eksportprodukta. I dag er industrien mindre framtredande. Til gjengjeld satsar byen no stort på teknologi, forsking og utdanning.

Bustad

Universitetet sine bustadkontor hjelper internasjonale studentar med å finne bustad i Aalborg og Esbjerg. På campusen i København er kapasiteten dårlegare. Dei fleste som studerer der finn bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon