Hjem
Utdanning
nordplus

University of Lapland og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss)

  • LandFinland
  • ByRovaniemi
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på finsk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Laplands universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Lapland ble grunnlagt i 1979 og ligg i Rovaniemi. Det har fire fakultet innan pedagogikk, juss, kunst/design og samfunnsvitskap, og har mellom anna eit strategisk fokus på endringar i arktis, bærekraftig turisme, bærekraftig utvikling i eit juridisk perspektiv og velferdssystem i nord. Universitetet har om lag 4 500 studentar.

Rovaniemi er hovudstaden i Lappland, det nordlegaste landskapet i Finland. Byen ligg om lag 6 kilometer sør for polarsirkelen, og har berre 62 000 innbyggarar, men saman med omlandet er den i areal rekna som den største byen i EU.

Bustad

University of Lapland gjev deg råd og tips til å finne bustad på sine nettsider.

Semesterinndeling

August - desember og januar til mai.

Informasjon