Hjem
Utdanning
nordplus

University of Turku og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss (Nordplus law network))

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på finsk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Turkus universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Turku Finlands nest største med om lag 20 000 studentar. Det ligg i byen Turku, kalla Åbo på svensk, ute ved kysten sørvest i Finland. Det har òg mindre campusar i byane Raumo, Björneborg og Salo. Universitetet blei oppretta i 1920, då finske intellektuelle ønskte seg eit reint finskspråkleg universitet. Over 22 000 personar bidrog til innsamlingsarbeidet som gjorde det mogleg å starte opp landets første finske universitet. Universitetet har eit breitt fagtilbod og har elles blant anna vore involvert i mange forskingsprosjekt i peruansk Amazonas.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er imidlertid gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon