Hjem
Utdanning
nordplus

University of Eastern Finland og Det juridiske fakultet (NORDPLUS - Nettverk i Juss)

  • LandFinland
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

I tillegg til undervisning på finsk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved universiteta i Nordplus-nettverket for juss kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Tett samarbeid har alltid prega dei nordiske landa og nærare kunnskap om lovverket og rettssystemet i dei andre nordiske landa vil derfor alltid vere en fordel.

Nettsidene til fakultetet sine nordiske samarbeidspartnarar er som regel gode, oversiktlege og lette å finne fram på. Alle universiteta i Nordplus-nettverket nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Oversikt over kva emne du kan ta ved Eastern Finlands universitet finn du i kurskatalogen på universitetet sine nettsider.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Nordplus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Eastern Finland blei til gjennom ei samanslåing av to tidlegre uavhengige universitet i 2010, og er no eit breiddeuniversitet med 15 000 studentar og fire fakultet. Blant fokusområda er skogforsking, miljø, helse og utvikling av ny teknologi. Universitetet er fordelt over to hovudcampusar i byane Joensuu og Kuopio aust i Finland, samt ein mindre campus i Savonlinna.

I Joensuu ligg European Forest Institute og fleire eksportbedrifter. Byen er regionhovudstad, og var på slutten av 1800-talet ein av dei største hamnebyane i Finland. Kuopio er den åttande største byen i Finland, og er rekna som Aust-Finlands kulturelle sentrum. Han er omgitt av ein innsjø, og delar av byen er bygd på øyer. Byen har eit unikt gatenettverk, kor annakvar gate er ein fotgjengar- og sykkelveg.

Bustad

Universitetet har ikkje eigne bustader, men samarbeider med uavhengige organisasjonar som driv med formidling av studentbustader både i Joensuu, Kuopio og Savonlinna. Søknad om bustad kan sendast så snart ein har fått opptak ved universitetet. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i desse byane.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Informasjon