Hjem
Utdanning
nordplus

Lithuanian Academy of Music og Griegakademiet - Institutt for musikk (NORDPLUS - Nordtrad)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Lithuanian Academy of Music and Theatre (LMTA) er eit statsstøtta konservatorium for musikk, dans og multimediakunst. Det blei danna då konservatoria i Kaunus og Vilnius slo seg saman i 1949. LMTA held til på fire stader Vilnius sentrum. Det har rundt 1000 studentar, og eit aktivt miljø kor studentane og professorane deltek på over 500 konsertar årleg.

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Universitetet tilbyr studentbustader som ligg ein kilometer unna hovudbygget. Ein kan òg leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon