Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Claude Bernard Lyon 1 og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByVilleurbanne
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise til Lyon i sitt 9. semester i cand. med. Det er kun mogeleg å reise ut i vårsemesteret. Studentar som vel B-kull kan òg gjennomføre sitt 7. semester om dei reiser ut i valterminen, og er ute i eit heilt år (høst + vår).

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon