Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Claude Bernard Lyon 1 og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - ARQUS)

  • LandFrankrike
  • ByVilleurbanne
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Arqus-alliansen er eit samarbeid i prestisjeprosjektet European University Initiative. Arqus består av sju breddeuniversitet, Bergen, Granada, Padova, Leipzig, Graz, Lyon og Vilnius, og alle studentar på bachelor- og masterstudiar ved (unntatt Medisin- og Kunststudentar) kan velje fritt blant faga ved desse universiteta, med få unntak.

Alle som reiser på utveksling må ha fullført minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon og råd om når i studiet det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved Universitetet i Lyon Claude Bernard er fransk og det er krav om B2-nivå i språket.Det finnes nokre emner på engelsk i nokre fag.

Kva emne kan eg ta

Universitetet i Lyon Claude Bernard er eit breddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde.

Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det finnes informasjon om emer på denne nettsida: https://www.univ-lyon1.fr/etudiant-international/etudiants-en-programmes-d-echange-661405.kjsp?RH=1406185235951

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Informasjon