Hjem
Utdanning
erasmus+

Université Grenoble Alpes og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar6
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er fransk. Det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk, men det er ikkje nok engelskspråklege emne til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne avtalen må vere førebudde på å ta emne på fransk for å oppnå full semesterbelasting. Gode franskkunnskapar er derfor anbefalt.

Informasjon om fransk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsidene til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student (sjå under "Télécharger": Le syllabus des cours).

Ein kan velje blant emne på bachelornivå og nokre emne på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Université Grenoble Alpes - In the heart of the Alps

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Joseph Fourier (UJF) er ein del av paraplysamarbeidet Université Grenoble Alpes. Det blei grunnlagt i 1970, og har i dag om lag 18 000 studentar. Universitetet fokuserer på fagområde knytt til naturvitskap, teknologi, medisin og helsefag. I tillegg til fakultetseiningane har UJF òg eit stort observatorium, ein alpin botanisk hage og ei rekke forskingslaboratorium. Universitetet sin hovudcampus ligg aust for byen, i Saint-Martin-d'Hères.

Grenoble ligg søraust i Frankrike. Sjølve byen har om lag 160 000 innbyggarar, i storbyområdet bur rundt ein halv million. Grenoble er omkrinsa av fjell og blir ofte kalla for Alpane sin hovudstad. Byen er eit populært utfartspunkt for friluftsliv og skisport. Tidlegare har det òg vore mykje industri og gruvedrift i området.

Bustad

Det finst studentbustader både på campus og nærare sentrum. Dei fleste er drifta av studentsamskipnaden CROUS. Det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden rundt semesterstart. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - desember og januar - juni.

Informasjon