Hjem
Studentsider
erasmus+

University of West Bohemia og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTsjekkia
  • ByPlzeò
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalaen gjeld i første rekke for studentar som går på bachelor- eller masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i filosofi: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. I dei fleste fall vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi rår til at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna vu vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Meir informasjon: http://international.zcu.cz/index.php?cat_id=141&&lang=en

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of West Bohemia såg dagens lys i 1991 ved samanslåinga av teknologiinstituttet og lærarhøgskulen i Pilsen. Universitetet har i dag ni fakultet og om lag 19 000 studentar. Det er i hovudsak orientert mot grunnforsking og utdanningar tilpassa regionale behov. Campus ligg sentrumsnært i Pilsen.

Den tsjekkiske byen Pilsen var opphaveleg eit slott i det niande århundret, og blei etablert som by i 1295. Han har litt i underkant av 200 000 innbyggarar og ligg vest i landet, i regionen med same namn. Byen er internasjonalt kjent for å ha skjenka verda det lyse ølet Pilsner og bilmerket Skoda.

Bustad

Universitetet har fleire eigne studentheimar der ein kan søke om bustad. Ein kan velje mellom å bu på enkeltrom eller dele med andre studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

Campus fra luften
Foto/ill.:
© University of West Bohemia

Informasjon