Hjem
Utdanning
erasmus+

Bialystok University of Technology og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByBialystok
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar frå Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn til plassane. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Normalt vil det passe best å reise på utveksling for eit helt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og tilrådingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka er engelsk eller polsk. Universitetet anbefaler at du har språkkunnskaper tilsvarande B1-nivå (CEFR) i eitt av undervisningsspråka. 

Institusjonen tilbyr også språkkurs i polsk Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Du kan studere fleire emne innan blant anna informasjonsvitenskap, nye medier, systemdynamikk, klima, miljø og statistikk. På denne nettsida (http://elam.pb.edu.pl/elam/) finn du emnekatalogenfor engelskspråklege kurs.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer frå 3 til 6 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.


Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Bialystok University of Technology blei først grunnlagt som ein privat teknisk kveldsskule i 1949, og fekk universitetsstatus i 1974. I dag har universitetet rundt 14 000 studentar og eit rikhaldig fagtilbod innan ingeniørfag, arkitektur, skogbruk, tekniske fag, IKT og leiingsteori, med meir. Med unnatak av fakultetet for skogsbruk, som ligg i Hajnówka, ligg alle universitet sine bygningar i Bialystok. Campusen her ligg like ved byparken, med kort avstand til sentrum.

Bialystok er ein by med om lag 300 000 innbyggarar som ligg nær grensa til Kviterussland, nordaust i Polen. 70 kilometer sørvest for byen ligg ein nasjonalpark på 150 kvadratkilometer, som blei ført opp på UNESCO si verdsarvliste i 1979. Bialowiezaskogen strekte seg tidlegare over heile den europeiske sletta og er Europas siste urskog. Her finn ein òg verdas største populasjon av europeisk bison.

Bustad

Universitetet har reservert fleire studentbustader i nærleiken av campus og garanterer at internasjonale studentar som søker innan fristen får plass. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Bialystok.

Semesterinndeling

Oktober - februar og mars - juni.

Campus fra luften
Foto/ill.:
© Bialystok University of Technology

Informasjon