Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Thessaly og Institutt for biovitenskap (ERASMUS+)

  • LandHellas
  • ByVolos
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei grunnlagt i Thessalia periferi i 1984. Hovudcampusen ligg i hamnebyen Volos, men det har òg mindre campusar i tre andre nærliggande byar. Kvart av dei fem fakulteta har si eiga studentforeining. Universitetet har om lag 10 000 studentar og studietilbod innanfor alt frå akvatisk miljø til spesialpedagogikk.

Thessalia ein av tretten periferiar (distrikt) i Hellas, og ligg sirka midt i landet, med kystlinje mot aust. Området er omkransa av fleire fjell, blant dei Olympia, som er det høgaste i Hellas. I aust grensar Thessalia til Egeerhavet.

Bustad

Universitetet har få eigne studentbustader. Dei som finst ligg i Volos. I dei andre byane finst ikkje studentbustader, så her må ein kontakte koordinator ved fakultetet om hjelp til å finne bustad før semesterstart. Grunna den knappe kapasiteten er det vanleg for studentar å leige bustad på den private marknaden i Volos.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
University of Thessaly

Informasjon