Hjem

Utdanning

erasmus+

Università degli Studi di Modena e Reggio Emilia og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByModena
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor italiensk språk, litteratur og kultur. Du skal ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i italiensk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på ut utveksling i løpet av dei siste fire semestra av studiet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet ligg i regionen Emilia-Romagna nord i Italia. Det blei grunnlagt i 1175 og er eit av Italias eldste. Universitetet har over 20 000 studentar. Universitetet satsar blant anna på næringslivssamarbeid og sju av ti studentar har integrert arbeidspraksis som ein del av utdanninga. Dei 12 fakulteta ligg i to byar, åtte i Modena og fire i Reggio Emilia.

Reggio Emilia og Modena ligg 19 kilometer frå kvarandre, og har togsamband. Dei har òg godt utbygde sykkelvegnettverk, og rike kulturtilbod, særleg innan teater og musikk. Modena har 180 000 innbyggarar. Luciano Pavarotti blei fødd her, og byen har sin eigen filosofifestival. I provinsen med same namn høyrer bilprodusentane Ferrari og Maserati heime. Reggio Emilia har 164 000 innbyggarar, kor ein av ti er utlendingar.

Bustad

Det finst studentbustader både i Modena eller Reggio Emilia. Det er òg mogeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Bygg på campus
Foto:
© Università degli Studi di Modena e Reggio Emilia

Informasjon