Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Flensburg og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFlensburg
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Berre studentar på europastudium kan søke.

Når i studiet kan eg reise

Ein reiser på utveksling i 5 semester på bachelorprogrammet i europastudium. I haustsemesteret har dei undervisning frå september-desember. Eksamen kan være i januar. Sjå Mitt UiB for meir informasjon om utveksling på europastudium.

Språk

Undervisningsspråka er tysk og engelsk. Det er anbefalt å ha språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå (CEFR).

Institusjonen tilbyr språkkurs i tysk til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Europa-Universität Flensburg (EUF) tilbyr ein tverrfagleg grad i European Culture and Society på engelsk som passer særleg godt for studentar på bachelorprogrammet i europastudium. Her tilbyr dei ei rekke emne kvart haustsemester innan politikk, media, filosofi, geografi, historie, kultur, sosiologi, kunst, med meir. Det kan og være mogleg å velje emne innan andre fagområde.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS per semester. Emna utgjer normalt frå 5 til 10 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar fagleg i stor grad med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Flensburg blei grunnlagt i 1994 og er det nordlegaste universitetet i Tyskland. Det er òg eitt av dei minste, med knapt 4500 studentar. Universitetet har fem fakultet og ein campus, som det deler med den regionale faghøgskulen. Gjennom eit tett samarbeid med det danske Syddansk Universitet, tilbyr universitetet ei rekke studieløp knytt til dansk-tysk kultur.

Flensburg ligg i Schleswig-Holstein, 83 kilometer frå Kiel og 92 kilometer frå Odense i Danmark. Det er ein liten idyllisk kystby med i underkant av 100 000 innbyggarar, mange av dei med dansk avstamming. Flensburg er kjend blant anna for grensehandel, og som base for den nasjonale trafikkbrotsverkdatabasen Kraftfahrt-Bundesamt.

Bustad

Studentbustadane på campus blir administrert og drifta av studentsamskipnaden Studentenwerk i Schleswig-Holstein. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Flensburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon