Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Eastern Finland og Institutt for biomedisin (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByJoensuu
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Når i studiet kan eg reise

Du kan dra på utveksling i 2., 3. og 4. semester men må være tilbake på UiB tidsnok til å gå opp til avsluttande mastereksamen.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Eastern Finland blei til gjennom ei samanslåing av to tidlegre uavhengige universitet i 2010, og er no eit breiddeuniversitet med 15 000 studentar og fire fakultet. Blant fokusområda er skogforsking, miljø, helse og utvikling av ny teknologi. Universitetet er fordelt over to hovudcampusar i byane Joensuu og Kuopio aust i Finland, samt ein mindre campus i Savonlinna.

I Joensuu ligg European Forest Institute og fleire eksportbedrifter. Byen er regionhovudstad, og var på slutten av 1800-talet ein av dei største hamnebyane i Finland. Kuopio er den åttande største byen i Finland, og er rekna som Aust-Finlands kulturelle sentrum. Han er omgitt av ein innsjø, og delar av byen er bygd på øyer. Byen har eit unikt gatenettverk, kor annakvar gate er ein fotgjengar- og sykkelveg.

Bustad

Universitetet har ikkje eigne bustader, men samarbeider med uavhengige organisasjonar som driv med formidling av studentbustader både i Joensuu, Kuopio og Savonlinna. Søknad om bustad kan sendast så snart ein har fått opptak ved universitetet. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad privat i desse byane.

Semesterinndeling

September - desember og januar - mai.

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Eastern Finland

Informasjon