Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Turku og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i digital kultur og andre studentar som ønsker å ta emne i digital kultur når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i digital kultur blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i digital kultur: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er finsk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Turku Finlands nest største med om lag 20 000 studentar. Det ligg i byen Turku, kalla Åbo på svensk, ute ved kysten sørvest i Finland. Det har òg mindre campusar i byane Raumo, Björneborg og Salo. Universitetet blei oppretta i 1920, då finske intellektuelle ønskte seg eit reint finskspråkleg universitet. Over 22 000 personar bidrog til innsamlingsarbeidet som gjorde det mogleg å starte opp landets første finske universitet. Universitetet har eit breitt fagtilbod og har elles blant anna vore involvert i mange forskingsprosjekt i peruansk Amazonas.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er imidlertid gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Folk på campus
Foto/ill.:
© University of Turku

Informasjon