Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Turku og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan reise på utveksling i 6.semester, men det er òg mogeleg å reise ut tidlegare i studieløpet.

Språk

Det engelskspråklege emnetilbodet innan informatikk og matematikker rikhaldig.

Kva emne kan eg ta

Faculty of Science and Engineering ved University of Turku har eit rikhaldig emnetilbod som er svært relevant for studentar på informatikk. Avtalen gjeld engelskspråkleg emne ved Department of Future Technologies og Department of Mathematics and Statistics.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som alene eller i kombinasjon kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Kontakt studierettleiar i god tid før avreise for å undersøke muligheitene for dette.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald

En liste over emner som tilbys på engelsk finner du her.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om universitetene

Om universiteta

Turku University of Applied Sciences blei grunnlagt i 1992, og har i dag rundt 10 000 studentar. Det har sju fakultet og tilbyr forskingsbaserte yrkesutdanningar innan eit breitt spekter fagfelt. Universitetet har tre campusar. Den største ligg i Turku, kalla Åbo på svensk.

Åbo blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han ligg sørvest i Finland og har om lag 180 000 innbyggarar. 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er elles kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Turku Finlands nest største med om lag 20 000 studentar. Det ligg i byen Turku, kalla Åbo på svensk, ute ved kysten sørvest i Finland. Det har òg mindre campusar i byane Raumo, Björneborg og Salo. Universitetet blei oppretta i 1920, då finske intellektuelle ønskte seg eit reint finskspråkleg universitet. Over 22 000 personar bidrog til innsamlingsarbeidet som gjorde det mogleg å starte opp landets første finske universitet. Universitetet har eit breitt fagtilbod og har elles blant anna vore involvert i mange forskingsprosjekt i peruansk Amazonas.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er imidlertid gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon