Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Turku og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Om antall plassar: Til University of Turku kan ikkje fakultetet fordele det totale antalet plassar fritt mellom semestra. Sjølv om vi har totalt 4 plassar, kan maks 2 studentar utveksle i haustsemesteret, og maks 2 studentar utveksle i vårsemesteret. Du kan skrive i merknadsfeltet i søknaden din om du óg er interessert i det motsette semesteret dersom du ikkje blir blant dei som kan nominerast i det semesteret du primært søker til (Gjeld studentar på 5. studieår. Studentar på 3. studieår kan kun utveksle i vårsemesteret).

Språk

I tillegg til undervisning på finsk har universitetet emne som blir undervist på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som valemne på 3. studieår (2021-studieordninga) eller spesialemne på siste studieår i masterprogrammet i rettsvitskap (2003-studieordninga og 2021-studieordninga).

Oversikt over kva emne du kan ta ved dette universitetet finn du i kurskatalogen på Turku sine nettsider.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Turku Finlands nest største med om lag 20 000 studentar. Det ligg i byen Turku, kalla Åbo på svensk, ute ved kysten sørvest i Finland. Det har òg mindre campusar i byane Raumo, Björneborg og Salo. Universitetet blei oppretta i 1920, då finske intellektuelle ønskte seg eit reint finskspråkleg universitet. Over 22 000 personar bidrog til innsamlingsarbeidet som gjorde det mogleg å starte opp landets første finske universitet. Universitetet har eit breitt fagtilbod og har elles blant anna vore involvert i mange forskingsprosjekt i peruansk Amazonas.

Åbo ligg sørvest i Finland. Byen blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han har om lag 180 000 innbyggarar, og rundt 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er imidlertid gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon