Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Trento og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByTrento
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar.Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise ut 4., 5. eller 6. semester.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk. Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

University of Trento tilbyr også språkkurs. Meir informasjon finn du her:

Informasjon om språkkurs

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Her finn du oversikt over matematikkemne på masternivå: http://international.unitn.it/math

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet ligg i byen Trento, som er hovudstaden i regionen Trentino-Syd-Tirol. Det er fordelt over tre campusar - i bysentrum, i utkanten og i den nærliggande byen Rovereto. Universitetet blei grunnlagd som eit reint samfunnsvitskapeleg universitetet i 1962, og hadde Italias første fakultet for sosiologi. Seinare har universitetet fått ni fakultet til. Det gjer det godt på internasjonale rankingar sjølv om det berre har omkring 16 000 studentar. Både Isabel Allende, Dalai Lama og Mikhail Gorbatsjev har blitt tildelt æresgrader ved universitetet.

Trento er ein liten by med om lag 115 000 innbyggarar, som dannar eit vegkryss mellom middelhavsområdet og det alpine området nord i Italia. Her blir det årleg arrangert blant anna ein internasjonal fjellfilmfestival, ein økonomifestival og julemarknadar.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus via universitetet sitt internasjonale kontor, eller finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Campus
Foto/ill.:
© Università degli Studi di Trento

Informasjon