Hjem

Utdanning

erasmus+

Kaunas University of Technology og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByKaunas
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på eit bachelor eller masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråk ved universitetet er litauisk og engelsk, men alle emna som er tilrettelagde for utvekslingsstudentar er med engelsk som undervisningsspråk.

Språkkravet er nivå B2, etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere og høgare grad (BA/MA).

Bachelor- og masterstudentar skal ta frie studiepoeng, og kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Emnetilbodet ved universitetet er presentert her: http://en.ktu.lt/content/studies/courses-exchange-students-2014%E2%80%932015

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Kaunas University of Technology er eit offentleg forskingsuniversitet med om lag 16 000 studentar. Det blei oppretta i 1922 med fokus på ingeniørfag, mekanikk, elektro og kjemiteknikk, og er i dag det største tekniske universitetet på Baltikum. Det er delt inn i 13 fakultet. Av desse ligg 11 i Kaunas, og dei to siste ligg i nabobyen Panevezys, om lag ti mil lengre niord.

Kaunas ligg sentralt i Litauen, og er den nest største byen i landet, med om lag 360 000 innbyggarar. Han var hovudstad mellom 1922 og 1940 då Polen okkuperte Vilnius, som ligg 100 kilometer aust for Kaunas. Byen har mange parkar og ein gamleby frå 1300-talet.

Bustad

Universitetet har somme studentbustader som er reserverte for internasjonale studentar, som det går an å søke på. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Kaunas.

Semesterinndeling

August - januar og februar - juni.

Interiør
Foto:
© Kaunas University of Technology

Informasjon